Bymurar var vanleg frå oldtida og inn i mellomalderen. I hovudsak er dei omtala som bymurar sjølv om det også fanst murar som Den kinesiske muren og Atlanterhavsmuren som strekte seg langt unna bygrensene og som blei bygd for å slutte inn eit større område.
Bymurar vart bygd så seint som på 1800-talet, sjølv om dei då ofte vart bygd av tre (i motsetning til av stein) og stort sett omkring mindre og utsette busetjingar. Bymurar hadde også tårn og var ofte omgitt av vollar.
Bakgrunnen for bymurar blir sett i samanheng med oppblomstringa av bystatane. Murane var lenge ugjennomtrengelege for dei angripande hærane som då måtte omleire byen i staden.
For å komme seg inn og ut av av murane måtte ein passere gjennom ein byport.
Den mest verdfulle verksemda var plassert mest verna. Dårlegare og uønskt verksemd fekk ofte plass i nærleiken av eller utanfor murane.