CARICOM | |||
| |||
Type | internasjonal organisasjon | ||
---|---|---|---|
Skipa | 4. juni 1973 | ||
Hovudkontor | Georgetown | ||
Medlemmer | 15 medlemsstat | ||
Nettstad | https://www.caricom.org/ |
Caribbean Community and Common Market (forkorta CARICOM; norsk: Det karibiske fellesskapet) er ein internasjonal organisasjon som vart grunnlagd ved Chaguaramas-traktaten, som tredde i kraft 1. august 1973. Dei fyrste signatarmaktene var Barbados, Jamaica, Guyana og Trinidad og Tobago. Organisasjonen vart opphavleg stifta for å sørgje for framhald i den økonomiske samhandlinga mellom dei engelsktalande landa i Karibia etter at Den vestindiske føderasjonen vart oppløyst i 1962.