Calonectris

Calonectris
Portugisarlire (Calonectris borealis) Foto: Tom Allmendinger
Portugisarlire (Calonectris borealis)
Foto: Tom Allmendinger
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Calonectris
Mathews & Iredale, 1915

Calonectris er ei slekt av tre store lirer i stormfuglfamilien. Artane i denne gruppa er langvenga fuglar med mørk brun eller svart overside, og hovudsakleg kvit på undersida. Dei er pelagiske utanfor hekkesesongen og lever mest vanleg i tempererte og kalde farvatn. Akkurat som Puffinus flyg Calonectris-lirer med stive venger og nyttar ein «klippe»-teknikk for å segle over bølgjefrontar med eit minimum av aktiv flyging. Men fluktbildet ligg nærare albatrossar enn Puffinus-artane.

Calonectris-lirer er langdistansemigrantar. Kvitpannelira spreier seg frå austasiatiske hekkeøyar gjennom heile det vestlege Stillehavet og inn i det austlege indiske havet.

Dei lever av fisk, blekksprut og liknande oseanisk mat og kan følgje fiskebåtar for å ta utkast.


Developed by StudentB