Cream

Cream

Cream i 1967. V-H: Ginger Baker, Jack Bruce og Eric Clapton.
OpphavLondon i England
Aktiv1966–1968, 1993, 2005
Sjangerrock, psykedelisk rock, hardrock, acid rock
Tilknytte artistarPowerhouse, The Graham Bond Orgelisation, John Mayall's Bluesbreakers, Blind Faith, Bruce-Baker-Moore
PlateselskapReaction, Polydor, Atco, RSO
Tidlegare medlemmerJack Bruce
Eric Clapton
Ginger Baker
PrisarRock and Roll Hall of Fame, Grammy Lifetime Achievement Award

Cream var eit britisk rockeband i 1960-åra, ei såkalla supergruppe, som bestod av bassist/vokalist Jack Bruce, gitarist/vokalist Eric Clapton og trommeslagar Ginger Baker. Stilen deira er skildra som ei blanding av bluesrock, hardrock og psykedelisk rock,[1] kombinert med psykedeliske tekstar, bluesgitaren til Eric Clapton, stemma og blues-bassen Jack Bruce og den jazzpåverka tromestilen til Ginger Baker. Det tredje albumet til bandet Wheels of Fire var det første dobbeltalbumet i verda som selde til platinaplate[2][3] Cream vert rekna som den første kjende og suksessrike supergruppa.[4][5][6] Over to år seidel dei over 35 millionar album.[7]

Musikken til Cream inkluderer songar basert på tradisjonell blues, som «Crossroads» og «Spoonful», og moderne blues som «Born Under a Bad Sign», samt meir eksentriske songar som «Strange Brew», «Tales of Brave Ulysses» og «Toad». Dei største hittane til Cream var «I Feel Free» (UK, #11),[3] «Sunshine of Your Love» (US, #5),[8] «White Room» (US, #6),[8] «Crossroads» (US, #28),[8] og «Badge» (UK, #18).[9]

Cream hadde stor innverknad på popmusikken i si tid, og i lag med Jimi Hendrix gjorde dei wah-wah-pedalen populær. Dei hadde tunge, men likevel teknisk dyktige musikalske tema som peika fram mot og påverka britiske band som Led Zeppelin, Deep Purple og The Jeff Beck Group seint i 1960-åra. Konsertane til bandet påverka progrockband som Rush,[10] jamband som The Allman Brothers Band, Grateful Dead, Phish og heavy metal-band som Black Sabbath.[11]

Cream vart rangert på 16. plass på lista til VH1 over dei 100 største hardrockartistane og Rolling Stone kåra dei til dei 66. største artisten gjennom tidene.[12] I 2010 rangerte òg VH1 dei på 61. plass på lista deira over dei 100 største artistane gjennom tidene.

  1. Unterberger, Richie. «Cream: Biography» (på engelsk). Allmusic. Henta 12. mars 2011. 
  2. «Cream - the Band» (på engelsk). BBC. 20. september 2000. Henta 12. mars 2011. 
  3. 3,0 3,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet classic
  4. Musicradar.com, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 11. mars 2011 
  5. CNN.com
  6. Whereseric.com, arkivert frå originalen 16. mai 2008, henta 11. mars 2011 
  7. [1]
  8. 8,0 8,1 8,2 «Cream: Biography: Rolling Stone». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 14. september 2009. Henta 12. mars 2011. 
  9. "Badge" search results. http://www.everyhit.com. Henta 12. mars 2011.
  10. «allmusic (((Rush > Overview)))». Allmusic. Henta 12. mars 2011. 
  11. «allmusic (((Black Sabbath > Overview)))». Allmusic. Henta 12. mars 2011. 
  12. «VH1's 100 Greatest Artists of Hard Rock (20-1)» (på engelsk). VH1. 2000. Arkivert frå originalen 13. september 2008. Henta 26 June 2008. 

Developed by StudentB