Cumbria

Cumbria
grevskap
Land  England
Region Nordvest-England
Areal 6 768 km²
Folketal 496 600  (2008)
Grunnlagd 1974
Status Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap
Kart
Cumbria
54°30′N 3°15′W / 54.5°N 3.25°W / 54.5; -3.25
Wikimedia Commons: Cumbria

Cumbria er eit ikkje-metropolitansk grevskap i Nordvest-England. Cumbria vart skipa i 1974 og består av seks distrikt og har kring ein halv million innbyggjarar.

Cumbria er det tredje største grevskapet i England ut frå areal og grensar i vest til Irskesjøen, i sør til Lancashire, i søraust til North Yorkshire og i aust til County Durham og Northumberland. Skottland ligg i nord.

Typisk landskap frå Lake District
Steinkrossen Gosforthkrossen i landsbyen Gosforth har relieffbilete som vert tolka som scener frå nordisk vikingtidsmytologi.

Grevskapet er hovudsakleg landleg og her ligg mellom anna Lake District med Lake District nasjonalpark, som vert rekna som eit av dei vakraste områda i Storbritannia. Mykje av grevskapet er fjellendt og det høgaste punktet i grevskapet (og England) er Scafell Pike på 978 meter over havet. Alle fjella i England på over 900 meter over havet ligg i Cumbria.

Delar av Hadrians mur ligg lengst nord i grevskapet, i og rundt Carlisle.


Developed by StudentB