Damaskus

Damaskus
دمشق
hovudstad
Damaskus frå Qasioun.
Kallenamn: Sjasminbyen
Land  Syria
Guvernement Damaskus guvernement,
hovudstad
Del av Hauran
Høgd 680 moh.
Areal 105 km²
Folketal 2 584 771 (2023)[1]
Tidssone EET
Retningsnummer landkode: 963, bykode: 11
Kart
Damaskus
33°30′47″N 36°17′31″E / 33.513055555556°N 36.291944444444°E / 33.513055555556; 36.291944444444
Wikimedia Commons: Damascus

Damaskus (arabisk دمشق‎, romanisert Dimashq) er hovudstaden og den nest største byen i Syria etter Aleppo. I Syria vart byen òg kalla ash-Sham (arabisk الشام‎) og kallenamnet er Sjasminbyen (arabisk مدينة الياسمين‎, romanisert Madīnat al-Yāsmīn). I tillegg til å vere ein av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda, er Damaskus eit stort senter for kultur og religion i Levanten. I 2023 hadde byen ein folkesetnad på 2 584 771.

Byen ligg sørvest i Syria og er senteret i eit storbyområde med 2,6 millionar menneske (2004).[2] Geografisk ligg byen i dei austlege forberga til Anti-Libanonfjella, 80 km aust for kysten av Middelhavet på eit platå 680 meter over havet. Damaskus har eit halvtørt klima på grunn av regnskuggen frå desse fjella. Elva Barada flyt gjennom Damaskus.

Han vart først busett i det andre tusenåret fvt. og vart vald til hovudstad i Omajade-kalifatet frå 661 til 750. Etter sigeren til abbasidane vart hovudsetet for den islamske makta flytta til Bagdad. Damaskus vart politisk mindre viktig medan abbasidane styrte, og byrja først å bløme att under Ajjubide-dynastiet og mamelukkane. Under det osmanske styret var byen igjen i nedgang, men heldt ein viss kulturell prestisje. I dag er han sete for dei sentrale styresmaktene og heile regjeringa.

Byen har gjeve opphav til namna på damask og damaskusstål.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Damascus Population 2023». Henta 3. desember 2023. 
  2. Syrisk statistisk sentralbyrå Folketeljing i Syria i 2004 Arkivert 2013-03-10 ved Wayback Machine.

Developed by StudentB