Daniels bok (hebraisk Sefer Daniel) er ei av bøkene i det gamle testamentet. Ho har namn etter protagonisten i skriftet, ein Daniel som i følgje boka skal ha arbeidd i Babylonia i tida frå om lag 605 fvt. til kort etter 539 fvt. (eksiltida).
I den eldste tradisjonen vert Daniels bok rekna som profetisk, men i den jødiske Tanakh vert Daniels bok rekna med i «skriftene», ikkje profetane. I kristen tradisjon fylgjer ein vanlegvis rekkjefølgja frå Septuaginta, der Daniels bok er plassert mellom Esekiel og Hosea.