David Bowie |
Bowie i 2002. |
|
Fødd | 8. januar 1947(1947-01-08) |
---|
Fødestad | Brixton |
---|
Død | 10. januar 2016 (69 år) |
---|
Dødsstad | Manhattan, New York by |
---|
Fødenamn | David Robert Jones |
---|
Alias | «The Dame» «Thin White Duke» «Ziggy Stardust»
|
---|
Opphav | Storbritannia |
---|
Aktiv | 1964-2016 |
---|
Sjanger | Rock Hardrock Glamrock Soul Dance Eksperimentell musikk
|
---|
Instrument | vokal, gitar, piano, tangentinstrument, saksofon, trommer, munnspel, koto, marimba, stylophone |
---|
Stemmetype | baryton |
---|
Plateselskap | Iso (record label), Columbia Records, Decca Records, Deram Records, EMI, RCA, Virgin Records, RCA Records, Mercury Records, Bertelsmann Music Group, Parlophone, Rykodisc, Pye Records, Vocalion |
---|
Verka som | Musikar, skodespelar og plateprodusent. |
---|
Gift med | Angela Bowie, Iman |
---|
Sambuar med | Ava Cherry, Cyrinda Foxe, Ola Hudson |
---|
Born | Duncan Jones, Lexi Jones |
---|
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame, Grammy Lifetime Achievement Award, Webby Lifetime Achievement Award, Grammy Hall of Fame Award, Saturn Award for Best Actor, Rolling Stone's 100 Greatest Artists of All Time, 100 Greatest Britons, kommandør i den britiske imperieorden, Science Fiction and Fantasy Hall of Fame, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, stjerne på Hollywood Walk of Fame, æresdoktor ved Berklee College of Music, Ordre des Arts et des Lettres |
David Bowie (fødd 8. januar 1947 som David Robert Jones, daud 10. januar 2016) var ein engelsk songar og soloartist. Han var ei superstjerne innan populærmusikken i seks forskjellige tiår.
Han var kjend som kameleonen i populærmusikken; han har føresett trendar og justerer stil og personlegdom deretter, samtidig som han heldt fast på sine eigne idear. Hans første skritt mot popularitet var med den folk-rock inspirerte Space Oddity i 1969, men han var betre kjend som den androgyne glamrockaren på Hunky Dory (1971), The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972) og Aladdin Sane (1973). På 1970-talet blanda han kunst, filosofi og litteratur inn i musikken og løfta pop- og rockemusikk til eit meir sofistikert nivå. I albuma han har gjeve ut etter dette har han utforska soul, elektronika og new wave, ofte før desse sjangrane vart populære eller i det heile oppstod.
Bowie arbeidde òg som film- og teaterskodespelar, plateprodusent, musikkvideoregissør og kunstnar. Han gav ut det siste studioalbumet sitt, Blackstar, på 69-årsdagen sin 8. januar 2016, berre to dagar før han døydde av kreft.