Den etiopiske ortodokse kyrkja er eit uavhengig ortodoks kyrkjesamfunn i Etiopia. Øvste leiaren av kyrkja er ein patriark (arabisk abuna, 'vår far'), erkebiskopen av Etiopia.
Ved slutten av 1900-talet hadde kyrkja over 30 millionar medlemmer; rundt 29 millionar i Etiopia og oppimot 1,8 millionar i Eritrea. Då Eritrea fekk sjølvstende i 1991 blei også Den eritreiske ortodokse kyrkja skild ut som eiga kyrkje.
Liturgien i kyrkja liknar mykje på Den koptiske ortodokse kyrkja sin, men kyrkjene har nokre ulike høgtider. Lenge brukte ein det gamle språket ge'ez som kyrkjespråk. I dag blir det også preikt på modernee språk, som amharinya.
Den etiopiske kyrkja har fleire eigne skikkar og seremoniar. Ein følgjer fleire jødiske kosthaldslovar og praktiserer omskjering av gutebarn. Både laurdag og sundag er rekna som heilagdagar