Den heilage familien i kristendommen viser til Jesus, Maria og Josef.
Motivet er vanleg i kristen kunst der ein viser jomfru Maria med jesusbarnet og Josef ofte som ein gammal mann.
I seinmellomalderen viste ein også ofte mor til Maria, Anna, på bilda. I renessansen blei Johannes døyparen føyd til motivet som leikekamerat til Jesus. Scenen kunne også ta form av ei reise under tittelen Flukta til Egypt. Slekta til Maria og Anna kunne føyast til, slik at motivet viser Den heilage slekta. Ein finn eit døme på dette motivet i Trondenes kyrkje i Harstad.[1]