Den kalde krigen

Europa blei delt i to politiske leirar som vende seg mot USA eller Sovjetunionen under den kalde krigen.

Den kalde krigen var den konstante motsetninga, rustingskappløpet og politiske spenninga mellom dei to supermaktene USA og Sovjetunionen frå ca 1947 til slutten av 1980-åra, da Mikhail Gorbatsjov som sovjetisk leiar sørgde for å avblåse «krigen». I periodar av såkalla «avspenning» før den tid, heldt opprustinga i røynda fram, på begge sider.

Uttrykket «kald krig» går på at motsetninga til tider var sterk som i ein krig, men «kald» på den måten at det faktisk ikkje blei storkrig, mellom anna truleg fordi dei to partane sine atomvåpenarsenal heldt kvarandre i sjakk – den såkalla terrorbalansen. Den kalde krigen ramma likevel mange, både ved innskrenking av politisk fridom, reiserestriksjonar og stadig angst for utsletting gjennom atomkrig.


Developed by StudentB