Den nordlege halvkula er den delen av jordoverflata som ligg nord for ekvator. Ho omfatter Nord-Amerika, Europa, Asia og delar av Afrika og Sør-Amerika. Vinteren finn stad rundt desember–februar og sommaren rundt juni–august.
Det meste av landjorda (67,3 %)[1] og kring 90 % av innbyggjarane på jorda er på den nordlege halvkula. I tillegg til heile Nord-Amerika og Europa omfattar ho dei nordlegaste delane av Sør-Amerika, rundt to tredelar av Afrika og nesten heile Asia.[2]