Den vilhelminske krigen i Irland | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av niårskrigen | |||||||||
Slaget ved Boyne, 12. juli 1690, måla av Jan Wyck. | |||||||||
| |||||||||
Partar | |||||||||
Vilhelmittar, inkludert: England Skottland Dei sameinte Nederlanda protestantiske kolonistar og leigesoldtar frå forskjellige land |
Irske jakobittar som kontrollerte kongedømet Irland Frankrike | ||||||||
Kommandantar | |||||||||
Kong Vilhelm III Hertugen av Schomberg Jarlen av Athlone |
Kong Jakob II Hertugen av Tyrconnell Jarlen av Lucan Duc de Lauzun | ||||||||
Styrkar | |||||||||
~44 000[1] | ~39 000[1] |
Dromore · Derry · Bantry Bay · Newtownbutler · Boyne · 1. Limerick · Cork og Kinsale · Athlone · Aughrim · 2. Limerick |
Den vilhelminske krigen i Irland, også kjend som dei jakobinske irlandskrigane og på irsk Cogadh an Dá Rí ('dei to kongars krig'), viser til krigane som følgde i kjølvatnet av avsetjinga til Jakob II av England i 1688. Kongen prøvde å ta att makta frå si protestantiske dotter Maria II og mannen hennar, Vilhelm av Oranje. Den overlegne sigeren til Vilhelm over jakobittane i Irland, og dei mindre opprøra deira i Skottland og England, førte til framhaldet av engelsk protestantisk dominans over Irland i eit hundreår. Dei vilhelminske sigrande ved omleiringa av Derry og slaget ved Boyne er blitt feira fram til våre dagar av unionistiske rørsler i Nord-Irland. Den vilhelminske krigen i Irland var ein del av niårskrigen.