Australia sitt flagg er blått og i øvre venstre hjørne er det britiske flagget. Dei fem kvite stjernene på høgre halvdelen viser stjernebiletet Sørkorset. Den kvite stjerna som står åleine på venstre sida symboliserer Australia.
I april 1901 vart det utlyst ei tevling om korleis Australia sitt flagg skulle sjå ut og dei fem vinnarane fekk dele 200 pund. Flagget vart fastsett av kong Edvard VII i 1902.