Det britiske imperiet er ei nemning på det britiske koloniveldet. Den engelske nemninga er «The British Empire». Nemninga 'imperiet' kjem av at dronning Victoria av Storbritannia fekk tittelen 'keisarinne av India'. Kong Georg VI av Storbritannia var den siste av dei britiske monarkane som titulerte seg 'keisar av India'.
Imperiet har prega verda ved å gjera engelsk til eit internasjonalt språk, og til offisielt språk i mellom anna Eire (okkupert av Oliver Cromwell i 1649) Australia, USA, Canada, India og fleire land i Afrika og Karibia.