Det europeiske vasskiljet

Dei viktigaste vasskilja i Europa (raude linje) som skil nedslagsfelta (grøne område).

Det europeiske vasskiljet er ei linje som deler nedslagsfelta til dei store elvane i Tyskland; Rhinen, som har sitt utspring i Alpane og som munnar ut i Nordsjøen via Nederland, og Donau, som har sitt utspring i Schwarzwald og som munnar ut i Svartehavet.

Det europeiske vasskiljet er ikkje eit klart definert skilje. Sidan Rhinen ligg lågare i terrenget enn Donau fører underjordiske elvar ein del vatn frå Donau sitt nedslagsfelt til Rhinen. Sidan desse underjordiske elvane eroderer bort kalksteinen dei renn gjennom reknar ein med at dei øvre delane av Donau ein dag vil forsvinne og verte ein del av Rhinen.


Developed by StudentB