Россійская Имперія Rossijskaja Imperija Det russiske imperiet | |||||||||||||||||
| |||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||||||||||||
Nasjonalsong Ingen Keisarsong Боже, Царя храни! "Gud signe tsaren!" | |||||||||||||||||
Det russiske imperiet i 1866 | |||||||||||||||||
Hovudstad | St. Petersburg (1721–1728) Moskva (1728–1730) St. Petersburg (1730–1918; frå 1914 Petrograd) | ||||||||||||||||
Religion | Offisiell religion: Russisk-ortodoks Minoritetsreligionar: Jødedom, katolisisme, protestantisme, gammaltruande, islam, buddhisme, paganisme | ||||||||||||||||
Styreform | Monarki | ||||||||||||||||
Tsar | |||||||||||||||||
- 1721–1725 | Peter I (første) | ||||||||||||||||
- 1894–1917 | Nikolaj II (siste) | ||||||||||||||||
Formann av ministerrådet | |||||||||||||||||
- 1905–1906 | Sergej Witte (første) | ||||||||||||||||
- 1917 | Nikolaj Golitsyn (siste) | ||||||||||||||||
Lovgjevande forsamling | Regjerande senat | ||||||||||||||||
- Overhus | Statsrådet | ||||||||||||||||
- Underhus | Statsdumaen | ||||||||||||||||
Historie | |||||||||||||||||
- Peter I tiltrer | 7. mai 1682 | ||||||||||||||||
- Riket erklært | 22. oktober 1721 | ||||||||||||||||
- Desembrist-opprøret | 26. desember 1825 | ||||||||||||||||
- Avskaffinga av føydalismen | 3. mars 1861 | ||||||||||||||||
- Revolusjonen i 1905 | Januar–desember 1905 | ||||||||||||||||
- Grunnlova | 6. mai 1906 | ||||||||||||||||
- Februarrevolusjonen | 15. mars 1917 | ||||||||||||||||
- Oktoberrevolusjonen | 7. november 1917 | ||||||||||||||||
Areal | |||||||||||||||||
- 1866 | 23 700 000 km² | ||||||||||||||||
- 1916 | 21 799 825 km² | ||||||||||||||||
Innbyggjarar | |||||||||||||||||
- 1897 est. | 125 640 021 | ||||||||||||||||
Valuta | Rubel | ||||||||||||||||
| |||||||||||||||||
I dag ein del av |
Det russiske imperiet (eldre russisk: Pоссійская Имперія, moderne russisk: Российская Империя) var ein stat som eksisterte frå 1721 til den russiske revolusjonen i 1917. Han etterfølgde Det russiske tsardømet, og vart etterfølgd av Sovjetunionen. Det var det andre største samanhengande imperiet verda hadde sett, berre det mongolske riket var større. På eit tidspunkt i 1866 strekte det seg frå Aust-Europa, gjennom Asia og inn i Nord-Amerika. På byrjinga av 1900-talet var Russland det største landet i verda. Det strekte seg då frå Nordishavet i nord til Svartehavet i sør, og frå Austersjøen i vest til Stillehavet i aust. Over dette enorme området var dei 176,4 millionar innbyggjarane spreidde. På denne tida var dette det tredje største folketalet i verda, etter Qing-dynastiet og Britisk India. I folkesetnaden var det stor skilnad både i økonomiske, etniske og religiøse faktorar. Regjeringa, som vart leidd av keisaren, var eit av dei siste absolutte monarkia som var att i Europa.