Diftong

Ein diftong (av gresk di- og phtongos, 'dobbeltlyd')[1] eller tviljod[2] er ein type vokal og skil seg frå dei meir kjende monoftongvokalane ved at ein i uttala sklid frå ein ljodlekk til ein annan i laupet av diftongen, medan det i monoftongen berre er ein ljodlekk som læt. Ein annan måte å seia det på er at ein diftong er ei fylgje av to vokalljod som høyrer til same staving.

  1. «diftong» i Nynorskordboka.
  2. «tvilyd» i Nynorskordboka.

Developed by StudentB