Diode

Diodesymbol og kapsling. Ringen markerer katoden.

Diode er ein ikkje-liniære elektronisk komponent som med god tilnærming leiar elektrisk straum berre i ein retning. Namnet kjem av at dioden har to terminalar, katode og anode. Straumen kan berre gå frå anoden (plusspol) til katoden (minuspol) - men, med unnatak av ein liten reversstraum, ikkje andre vegen. Den første dioden var krystalldetektoren som vart nytta i barndomen til radioen på 1920-talet. Eldre diodar var elektronrøyr, men i dag vert diodar laga av halvleiarmateriale, som oftast silisium. Diodar vert nytta i likerettarar, i biasnettverk i forsterkar, radiomottakarar, analog signalhandsaming og så bortetter.


Developed by StudentB