Distrikt i England

Kart over England med bydistriket Doncaster avmerkt.

Distrikt i England er den lågaste vanlege administrative eininga for lokalstyre. Distrikta er dermed på same nivå som norske kommunar. Nivåa over er grevskap og deretter regionar.

Den noverande distriktordninga blei innført i England og Wales i 1974, og erstatta eit eldre system som omfatta municipal boroughs, urban districts, rural districts og county boroughs. England har halde seg til dette rammeverket med nokre endringar. Wales har derimot innført ei ny ordning der distrikta er erstatta av county og county boroughs.


Developed by StudentB