Dovrebanen | |
Skillet mellom Raumabanen (venstre tunnelløp) og Dovrebanen på Dombås | |
Info | |
Type | Stamlinje |
System | Enkeltspora elektrifisert bane |
Utgangsstasjon | Eidsvoll |
Endestasjon | Trondheim S |
Drift | |
Opna | mellom 1864 og 1921 |
Eigar | Bane NOR |
Operatør(ar) | Vy, CargoNet, Cargolink |
Type trafikk | Passasjerar og gods |
Teknisk | |
Lengd | 485,6 km |
Største stigning | ø 19 ‰ (Nypan–Heimdal) |
Bruer | 328 |
Tunnelar | 42 |
Planovergangar | 315 |
Dovrebanen er ei jarnbanestrekning mellom Eidsvoll og Trondheim, over Dombås og Dovrefjell, som opna 17. september 1921. Mellom Oslo og Eidsvoll er Gardermobanen det rette namnet på Dovrebanen; opphavleg gjekk trafikken på denne strekninga over Hovedbanen, den eldste jarnbanen i Noreg.
Dovrebanen er elektrifisert på heile strekninga. Banen blir rekna for å vere av dei mest trafikkerte i NSB sitt rutenett.
To andre jarnbaner i kvar sin lut av landet er knytt til Dovrebanen. Mellom Hamar stasjon på Dovrebanen går Rørosbanen via Elverum, Østerdalen og Røros til Støren stasjon på Dovrebanen, og frå Dombås stasjon på Dovrebanen går Raumabanen over Lesja og ned Romsdalen til endestasjonen på Åndalsnes. Desse to banene er ikkje elektrifiserte, men segmentet Hamar-Elverum på Rørosbanen er foreslått elektrifisert i Nasjonal transportplan 2018-2019.