Down Beat

Down Beat er eit amerikansk musikkmagasin. Tidlegare var det eit reint jazz-tidsskrift, men dekker nå det dei sjølve beskriv som «jazz, blues and beyond».

Innan sin sjanger er Down Beat tidsskriftet med det største opplaget på verdsbasis[1] og det første som blei stifta: første utgåve kom i juli 1934 i Chicago. I starten var det eit månadsmagasin, men frå 1939 kom bladet ut to gonger i månaden og i ei periode annankvar veke. Sidan april 1979 har det vore eit månadsmagasin igjen.[2]

Heilt frå oppstarten har bladet arrangert lesaravstemminga Readers Poll for beste musikar, og frå 1953 kritikaravstemminga Critics Poll for alle musikkinstrument og kategoriar. Desse tildelingane blir rekna som dei mest prestisjetunge prisane i jazzverda.

«Down beat» er det engelske omgrepet for det første slaget i ei takt.

  1. „Jazz in the Catbird Seat: It Wasn't Always So“, New York Times, 6. januar 2001
  2. „Rinker on Collectibles: Questions & Answers. Vintage Collectibles“[daud lenkje], 28. oktober 2009

Developed by StudentB