Dresden | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Sachsen Dresden Kreisfri by |
Geografi | |
Flatevidd - By |
328,8 km² |
Innbyggjarar[1] - By (2007) - folketettleik |
504 635 1 535/km² |
Koordinatar | 51°2′0″N 13°44′0″E / 51.03333°N 13.73333°E |
Høgd over havet | 113 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 01001 - 01462 |
Telefon-retningsnummer | 0351 |
Bilnummer | DD |
Heimeside: www.dresden.de |
Dresden (sorbisk Drježdźany) er ein by i Tyskland og hovudstaden i delstaten Sachsen ved elva Elbe. Byen har like over 500 000 innbyggjarar, men medrekna innbyggjarane som bur i storbyområdet er talet nærare ein million. Dresden er eit kulturelt, politisk og økonomisk hovudsenter i området sitt.
Byen er blitt kjend som offer for eit øydeleggjande bombeåtak mot slutten av den andre verdskrigen, som øydela størstedelen av bysentrum og drap svært mange menneske (estimert frå 20 000 til 200 000 avhengig av kjelde, i ein rapport frå 2010 fastsett til 20 - 25 000 menneske). Trass i bombinga har byen mange vakre bygningar, mange av dei attoppbygde etter krigen. Frauenkirche, eit tidlegare landemerke for byen som gjekk med i åtaket, er i ferd med å bli restaurert i 2005.
Før bombinga var Dresden kjend som ein av dei vakraste byane i Europa, med ei stor samling bygg frå barokken. På grunn av dette har han fått tilnamnet Elbflorenz, eller «Firenze ved Elbe». Nyare nemningar er «den tyske Silicon Valley», på grunn av den sterke satsinga på teknologiforsking.