Drusarar

Drusarane[1] er ei religiøs rørsle med opphav og hovudsakleg utbreiing i Midtausten. Frå ein religionsvitskapleg ståstad har trua til drusarane opphav i islam, men ho er òg påverka av andre religionar og av gresk filosofi.

Drusarane er fyrst og fremst å finna i Libanon, Israel, Syria, Tyrkia og Jordan. Andre stader i verda finn ein mindre diasporasamfunn. Drusarane nyttar seg av arabisk og har kulturelt mange fellestrekk med andre arabarar i regionen. Dei fleste muslimar, og òg ein del av drusarane sjølve, reknar ikkje drusarane som ei muslimsk gruppe. Drusarane kallar seg sjølve Ahl al-Tawhīd eller al-muwahhidūn, 'monoteisme-folket'.

  1. arabisk duruzī درزي, fl. durūz دروز, hebraisk druzi דרוזי, fl. druzim דרוזים

Developed by StudentB