Dvergplanet

Pluto, som vart rekna som ein planet i 76 år, vart omklassifisert som ein dvergplanet i 2006.
Dvergplaneten Ceres

Dvergplanet er ein klasse objekt i solsystemet som blei innført av Den internasjonale astronomiske unionen i 2006.[1] Han er definert etter følgjande krav:

(a) må vere i omlaup rundt sola
(b) må ha nok masse til å danne eit tyngdefelt som er kraftigare enn stivlekam-kreftene, slik at han er i hydrostatisk likevekt og derfor har ei nær sfærisk form.
(c) må ikkje har reinska område rundt omlaupsbanen sin
(d) er ikkje ein måne

Uttrykket «dvergplanet» vart tatt opp i 2006 som ein del av ei ny klassifisering av lekamane som krinsar rundt sola. Lekamar som er store nok til at dei har reinska området i omlaupsbanen sin vert definert som «planetar», medan dei som er så små at dei ikkje er i hydrostatisk likevekt er definert som «smålekamar i solsystemt». Slik som uttrykket er definert her, gjeld det ikkje for andre planetsystem.[2]

Så langt har fem objekt fått dvergplanetstatus: Ceres, Pluto, Eris, Makemake og Haumea. Fleire lekamar kan leggast til lista seinare, når ein har funne ut om dei oppfyller krav (b).

  1. IAU 2006 General Assembly: Result of the IAU Resolution votes, arkivert frå originalen 7. november 2006, henta 21. januar 2007 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 22. august 2006, henta 21. januar 2007 

Developed by StudentB