EM i friidrett 1946

Bislett stadion i 1948

Europameisterskapen i friidrett 1946 vart avvikla i Oslo i tida 22.–25. august. Meisterskapen vart avvikla på Bislett stadion. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 24 øvingar for menn, og ni øvingar for kvinner.

Godtfred Holmvang frå Noreg vann tikampen og vart den einaste heimlege europameisteren. Haakon Tranberg fekk to sølvmedaljar; 100 meter og 200 meter. Høgdehopparen Birger Leirud, stavhopparen Erling Kaas, tresteghopparen Eugen Haugland, spjutkastaren Odd Mæhlum og 200-meterløparen Marit Hemstad kom alle på fjerdeplass i sine øvingar. Også kappgjengaren Oddvar Sponberg vart nummer fire på 50 km-øvinga, medan kollegaen Egil Romberg-Andersen vart nummer fem på 10 km, det same vart diskoskastaren Stein Johnson.


Developed by StudentB