Treng oppdatering (2023) |
Edvard Munch | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. desember 1863 Ådalsbruk |
Død | |
Yrke | kunstmålar, grafikar, grafikar, teiknar, bygningstegner |
Språk | norsk |
Sjanger | portrett, ekspresjonisme, sjangermåleri, landskapsmåleri, sjølvportrett |
Medlem av | Berlin-secesjonen |
Far | Christian Munch |
Mor | Laura Cathrine Munch |
Edvard Munch på Commons |
Edvard Munch (12. desember 1863–23. januar 1944) var ein norsk kunstmålar, grafikar og ein av dei tidlege representantane for ekspresjonismen. Den intense og stemningsfulle måten han skildra psykisk liding på hadde mykje innverknad på utviklinga av tysk ekspresjonisme tidleg på 1900-talet.[1][2]
Edvard Munch er den einaste norske kunstmålaren som er kjend og verdsett verda over. Det internasjonalt mest kjende måleriet hans er truleg Skrik. Verk av Munch er å sjå i mange internasjonale kunstgalleri som i New York, Göteborg og København.[3] I Oslo er sentrale verk å sjå på det kommunale Munch-museet, på det statlege Nasjonalmuseet og som veggmåleri i aulaen i Domus Media (tilhøyrande Universitetet i Oslo) ved Karl Johans gate. I Bergen er verk som vert rekna blant dei beste som Munch har skapt, å sjå i Bergen kunstmuseum.