Elektrisk straum

Elektrisk straum er elektrisk ladning per tidseining. Ladningen kan vera elektronar i ein elektrisk leiar, ion i ein elektrolytt, eller elektronar og ion i plasma (ionisert gass)[1].

Elektrisk straum er elektrisk ladning gjennom ei snittflate per tidseining:

det står for tid. For likestraum kan uttrykket forenklast til

Det er her nytta liten for tidsvarierande straum og stor for konstant straum (likestraum). SI-eininga for elektrisk straum er ampere og vert forkorta A.

Elektrisk straum fører til eit magnetfelt omkring leiaren.

Vi definerer straumretninga gåande frå pluss til minus i ein last, og omvendt i ei kjelde. At elektrona faktisk flyttar seg motsett veg spelar inga rolle ved utrekningar.

  1. V. Acosta, C.L. Cowan og B.J. Graham, Essentials of moden physics, Harper & Row, 1973.

Developed by StudentB