Entropi

Entropi er ein tilstandsfunksjon innan termodynamikken. Entropi er eit mål på graden av uorden i eit termodynamisk system. Aukande entropi tyder aukande uorden, noko som medfører at mengda energi som er av ei slik form at han kan utnyttast til nyttig arbeid, minkar.

Entropi vart først nytta av den tyske fysikaren Rudolph Clausius i 1865 for å gi ei systematisk skildring av fleire generasjonar forsking omkring dampmaskinar og 2. lova i termodynamikken. Ifølgje denne lova er spontane prosessar som minkar entropien i eit isolert system umogelege. Det vil seie at for isolerte system – og i universet som heilskap – vil entropien anten vere konstant eller auke for kvar energiomsetning som skjer i systemet. I vidareføringa av dette resonnementet verkar det som om universet uunngåeleg nærmar seg ein sluttilstand med maksimal entropi og ingen mogelege termodynamiske prosessar. Dette scenariet vert omtalt som varmedauden.


Developed by StudentB