Estland

Eesti Vabariik

(norsk: Estland, estisk)

Det estiske flagget Det estiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Mu isamaa, mu õnn ja rõõm»
Motto Ukjent
Geografisk plassering av Estland
Offisielle språk Estisk
Hovudstad Tallinn
Styresett
Republikk
Alar Karis
Kaja Kallas
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
45 228 km² (130.)
4,56 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
1 251 581 (154.)
27,7 /km² (151.)
Sjølvstende
Frå Russland
24. februar 1918
Frå Sovjetunionen
20. august 1991
Nasjonaldag 24. februar
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
37 590 mill. USD (111.)
30 500 USD (43.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +2
Telefonkode +372
Toppnivådomene .ee


Estland (Eesti), offisielt Republikken Estland (Eesti Vabariik), er eit land i den baltiske delen av Nord-Europa. Det grensar til Finland i nord, skilt av Finskebukta, i vest til Sverige, skilt av Austersjøen, i sør til Latvia (343 km) og i aust til Russland (338,6 km).[1] Landet dekkjer eit område på 45 227 km² og har eit temperert klima.

Estarane er i nær slekt med finnane, og estisk språk har mange likskapar med finsk. Det moderne namnet på Estland kjem truleg frå den romerske historikaren Tacitus, som i boka Germania (frå om lag 98 e.Kr.) skildra eit folkeslag han kalla Aestii og Aestiorum gentes. På same måten viser gamle skandinaviske soger til eit land som heiter Eistland. Tidlege latinske og namn på området var Estia og Hestia.

Estland er ein demokratisk parlamentarisk republikk og er delt inn i 15 fylke. Hovudstaden og den største byen er Tallinn. Med eit folketal på berre 1,4 millionar, er det eit av dei minst folkesette EU-medlemslanda. Estland har vore medlem av Folkeforbundet sidan 22. september 1921,[2] av SN sidan 17. september 1991,[3] av Den europeiske unionen sidan 1. mai 2004[4] og av NATO sidan 29. mars 2004.[5] Landet har også signert Kyoto-protokollen.

Busetjinga på det området som i dag er Estland, byrja rundt 8500 f.Kr., rett etter den siste istida. Gjennom hundreåra har estarane vore under Danmark, Den tyske riddarordenen, Sverige, Russland, Sovjetunionen og Nazi-Tyskland. Landet hadde den fyrste sjølvstendeperioden sin frå 1918–1940, etter Den russisk-estiske Tartu-traktaten, der Russland godkjende estisk sjølvstende. Under den andre verdskrigen vart Estland fyrst annektert og okkupert av Sovjetunionen[6][7] og deretter av Nazi-Tyskland, før det igjen vart okkupert av Sovjetuionen i 1944.

Estland vart sjølvstendig 20. august 1991. Sidan det har landet sett i gang eit effektivt program for sosial og økonomisk utvikling. I dag får landet anerkjenning for at det har ein av dei raskast veksande økonomiane i verda,[8] stor økonomisk fridom[9] og for at estarane er flinke til å ta i bruk ny teknologi.[10]

  1. «Estonian Republic» Arkivert 2011-07-21 ved Wayback Machine. – portal til Estland
  2. «The Law of Nations: cases, documents and notes», s. 106.
  3. Den estiske datoen for starten på SN-medlemskapet
  4. Den estiske datoen for starten på EU-medlemskapet.
  5. Den estiske datoen for starten på NATO-medlemskapet.
  6. U.S.-Baltic Relations: Celebrating 85 Years of Friendship på state.gov
  7. «Motion for a resolution on the Situation in Estonia» av EU
  8. «The Estonian Economic Miracle», arkivert frå originalen 3. mars 2010, henta 31. mars 2009 
  9. «Index of Economic Freedom», arkivert frå originalen 16. desember 2008, henta 31. mars 2009 
  10. BBC NEWS Europe: «Tiny Estonia leads internet revolution»

Developed by StudentB