Fairbanks

Sentrum av Fairbanks

Fairbanks er ein by i den amerikanske delstaten Alaska med 31 535 innbyggarar (2010). Dette gjer han til den nest mest folkerike byen i Alaska etter Anchorage. Han er den største byen i den indre delen av delstaten og ligg på begge sider av elva Chena River.

I Fairbanks finst armébasen Fort Wainwright og flybasen Eielson Air Force Base, som vart bygde under den andre verdskrigen.


Developed by StudentB