Farewell Tour av The Doobie Brothers

Farewell Tour
Konsertalbum av The Doobie Brothers
Språk engelsk
Utgjeve Juni 1983
Spelestad Irvine Meadows Amphitheatre, Laguna Hills, 3. september 1982; Universal Amphitheatre, Universal City, 4. september 1982; Hearst Greek Theatre, UC Berkeley i Berkeley i Calfornia, 10. og 11. september 1982
Sjanger Rock
Lengd 1:07:06
Selskap Warner Bros.
Produsent Ted Templeman
The Doobie Brothers-kronologi 
One Step Closer
(1980)
Farewell Tour Cycles
(1989)


Singlar frå Farewell Tour
  1. «You Belong to Me (live)» / «South City Midnight Lady (live)»
    Utgjeve: 6. juli 1983
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 stars[1]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[2]
The Great Rock Diskografi4/10[3]
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[4]

Farewell Tour er det første konsertalbumet til den amerikanske rockegruppa The Doobie Brothers, gjeve ut i 1983. Det dokumenterer avskjedsturneen deira i 1982 og kom ut som eit dobbeltalbum.

Tidleg i 1980-åra hadde The Doobie Brothers utvikla seg frå gitarsilen under den opphavlege frontmannen Tom Johnston til ein meir soul-aktig og klaverbasert AOR-stil under Michael McDonald. Trass i mange utskiftingar i besetninga, var Patrick Simmons att frå den originale utgåva av gruppa.

I 1982 valde Simmons å trekkje seg frå gruppa etter mange år med konstant turnering og innspeling. Bandet valde då å leggje inn årene, men Simmons oppfordra dei til ein siste turné sommaren 1982 for å takke den lojale fansen deira. Denne turneen vart kjend som «Farewell Tour».

Framsida av omslaget syner trommeslagaren Keith Knudsen som skjer over strengene på gitaren til John McFee, som ei symbolsk handling.[5] Dei siste to songane på albumet vart spelt einn på den siste konserten på turneen i Berkeley i California, den 11. september 1982 med vokal av den originale solovokalisten og gitaristen Tom Johnston. I lang tid var albumet berre tilgjengeleg på CD i Japan, men kom til slutt ut på CD på Rhino/WEA den 26. august 2008.

  1. Hal Horowitz. «Farewell Tour - The Doobie Brothers». AllMusic. Henta 4. november 2020. 
  2. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0857125958. 
  3. Strong, Martin Charles (2002). «The Doobie Brothers». The Great Rock Diskografi. The National Academies. ISBN 1-84195-312-1. 
  4. Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 253. ISBN 0-7432-0169-8. 
  5. According to a post at the forum (now retired) at the Doobie Brothers Official Website, by the Webmaster/Forum Administrator, who is John McFee's son.

Developed by StudentB