Fasefart

Fasefarten til ei bølgje er farten som bølgjefasen forplantar seg med i rommet. Dette er farten som fasen til ein frekvens av bølgja vil forplante seg med. Alle fasane til bølgja, t.d. bølgjetoppen, vil flytte seg med fasefarten. Fasefarten vert uttrykt ved hjelp av bølgja sin vinkelfart, ω, og bølgjetalet, k:

Merk at fasefarten ikkje nødvendigvis er den same som gruppefarten til bølgja, som gjev kor raskt endringa av amplituden til bølgja (kjend som envelopen til bølgja) vil forplante seg.

Fasefarten til elektromagnetisk stråling kan under visse vilkår (t.d. når ein har anomal dispersjon) vere høgare enn lysfarten i vakuum, men dette tyder ikkje at energien flyttar seg raskare enn lyset.


Developed by StudentB