Fjell er landformasjonar av stein som strekkjer seg høgare enn resten av landskapet kring. Dei er større enn til dømes åsar, men det finst ingen endelege mål som seier kva som er fjell og kva som ikkje er det.
Danninga av fjell blir kalla orogenese, og skjer gjerne ved at jordplater rører seg, eller ved vulkanutbrot. Ellers kan fjell bli forma ved erosjon og nedtæring frå vatn og vind.