Frukost er eit måltid ein et om morgonen eller føremiddagen. Måltidet er også kjend som morgonmat, morgonmål og i nyare tid dugurd. Frukost blir ofte kalla det viktigaste måltidet på dagen, ettersom å eta frukost har positiv innverknad både på blodsukkernivå i løpet av dagen og helse på lengre sikt.[1]
Frukost kan vera eit lett måltid med bakverk, kornblanding, jogurt eller frukt, eller ein meir omfattande varmrett med kjøt, egg, grønsaker og liknande. Ein kan ha varme drikkar som te eller kaffi, eller kalde som jus eller mjølk, til.
Ein skil gjerne mellom kvardagsfrukost og helge- eller annan høgtideleg frukost.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Most important meal