Fynbos (frå afrikaans fyn, 'fin, smal' og bos, 'busk', uttalt ˈfɛi̯nbos) er eit plantesamfunn i dei sørvestlege delane av Sør-Afrika. Vegetasjonen består hovudsakleg av eviggrøne buskar og grasaktige plantar. Blada på buskane kan vera fine og nåleforma eller tjukke og lêraktige. Fynbos-området er elles kjenneteikna av stort biologisk mangfald[1] og ei høg grad av endemisme (mange artar som lever her, finst berre her).[2] Fynbos utgjer rundt halvparten av den særmerkte floraregionen Cape. Det finst rundt 8 500 ulike artar har, og oppimot 6 000 av dei er endemiske.[3]