Genetikk

Gregor Mendel er rekna for å ha gjeve opphav til den moderne genlæra.

Genetikk er læra om gen, arv og variasjon i levande organismar. Det plar å høyre til biologien, men kryssar ofte over i andre livsvitskapar og har mellom anna ei sterk tilknyting til læra om informasjonssystem.

Augustinarmunken Gregor Mendel vert ofte rekna som grunnleggjar av genetikken.[1] Han studerte genetisk arv ved å sjå korleis trekk passerte frå foreldre til avkom. Mendel merka seg at organismar arva trekk gjennom diskrete «arveeiningar». Omgrepet er framleis i bruk, men gendefinisjonen er noko tvitydig.

Mekanismane som ligg bak arven av genetiske trekk er framleis eit viktig prinsipp, men moderne genetikk har gjort det mogleg å studere funksjon og åtferd i spesifikke gen. Struktur, funksjon, variasjon og distribusjon av gen kan studerast i ulike kontekstar – inni cella, i organismen (t.d. dominans) eller i ein populasjon. Epigenetikk og populasjonsgenetikk er blant dei mange nye underfelta av genetikk. Genetikk studerer organismar i heile livsdomenet: bakteriar, planter, dyr og menneske.

Genetiske prosessar jobbar i kombinasjon med organismen sine omgjevnadar og erfaringar for å påverke utvikling og åtferd, ein dynamikk kjend som arv og miljø. Dei intra- og ekstracellulære tilstelnadane i celler og organismar kan skru gentranskripsjon av og på. Eit klassisk døme på dette er når to genetisk like frø vert plassert i to ulike klima, det eine i eit varmt klima og det andre i eit tørt. Snitthøgda skal i teorien vera like stor i dei to maisstilkane, men som følgje av manglande vatn og næringsstoff så vert den eine planta berre halvparten så høg.

  1. Bønes, Øyvind; Bøhle, Kristin. «Dominant arv». NKI Forlaget (Nasjonal Digital Læringsarena, NDLA). Henta 22. november 2014. «Mendel regnes som genetikkens grunnlegger. Han visste ingenting om gener, men han klarte allikevel i stor grad å kartlegge hvordan arvefaktorer (senere kalt gener) nedarves.» 

Developed by StudentB