Georg Trakl

Georg Trakl

Georg Trakl
Nasjonalitet Austerriksk
Statsborgarskap Austerrike-Ungarn
Fødd 3. februar 1887
Salzburg
Død

3. november 1914 (27 år)
Kraków

Yrke Farmasøyt
Tema Død, forgjengelegdom, liding, vondskap, undergang, kaos, modernitetskritikk og religiøs skuldkjensle.
Påverka av Friedrich Hölderlin, Charles Baudelaire, Fjodor Dostojevskij, Arthur Rimbaud, Paul Verlaine
Periode 1906-1914
Rørsle Ekspresjonisme
Sjanger Lyrikk
Far Tobias Trakl
Debut 1913
Signatur
Georg Trakl på Commons

Georg Trakl (fødd 3. februar 1887 i Salzburg, død 3. november 1914 i Krakow) var ein austerriksk diktar og blant dei viktigaste lyrikarane i den tidlege ekspresjonismen. Diktinga til Trakl var i byrjinga påverka av den franske symbolismen, representert av forfattarar som Charles Baudelaire, Arthur Rimbaud, Paul Verlaine og den seine Friedrich Hölderlin. Sidan utvikla Trakl ein eigen unik tone, prega av tungsinn og ei kjensle av lengsle og sorg. Diktinga hans krinsar om emne som liding, forgjengelegdom og undergang, kaos og det vonde. Trass i at han berre rakk å fullføre to diktsamlingar i løpet av tida han levde, fekk diktinga hans stor innverknad på den ekspresjonistiske lyrikken i mellomkrigstida og på tysk lyrikk etter 1945, og Trakl har blitt omtala som den fremste lyrikaren innan den tyske ekspresjonismen.[1]

Trakl har blitt attdikta til norsk fleire gongar: Av Ellinor Lervik i 1974, Odd Abrahamsen i 1976, Olav H. Hauge i 1991, Arild Vange i 2002 og Jon Fosse i 2019.[2]

  1. Zetterholm, Tore (1986). «Ekspresjonismen». Levende litteratur - fra Gilgamesj til Bob Dylan. Oslo: Den norske Bokklubben. s. 259. 
  2. Hoem, Knut (26. april 2019). «Dikt for alle indre årstider». NRK. Henta 31. juli 2019. 

Developed by StudentB