Georgetown | ||
---|---|---|
Klokka på Stabroek-marknaden i Georgetown | ||
Styresmakter | ||
Land | Guyana | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2024) |
235 017[1] | |
Koordinatar | 6°48′N 58°10′W / 6.800°N 58.167°W | |
Høgd over havet | 0, 3 m | |
Tidssone | UTC-04:00, UTC-03:00 (UTC) | |
Plassering | ||
Georgetown er den største byen og hovudstaden i Guyana. Han hadde i 2004 235 000 innbyggjarar og ligg ved utlaupet til elva Demerara ved Atlanterhavet. Byen ligg under havnivået og er verna av dike. Brorparten av handelen i landet går gjennom hamna i byen. Her finst tekstilindustri, sukkerfabrikkar og det vert fiska etter reker. Byen er endepunktet for to jarnbanestrekkjer langs kysten og har eit universitet frå 1963.
Georgetown vart grunnlagd av britar i 1781. Byen vart seinare okkupert av franskmenn og nederlendarar fram til 1812. I byen er det ei anglikansk domkyrkja i tre frå 1889, og er med ei høgd på 44 meter mellom dei høgste trebygningane i verda.