Republic of Ghana
(norsk: Ghana, ghanesisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Hail the name of Ghana» | ||||||
Motto | Freedom and Justice (Fridom og rettferd) | ||||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||||
Hovudstad | Accra | ||||||
Styresett |
Republikk Nana Akufo-Addo | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
238 533 km² (81.) 3,5 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
27 499 924 (48.) 115,3 /km² (73.) | ||||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Storbritannia 6. mars 1957 | ||||||
Nasjonaldag | 6. mars | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
113 300 mill. USD (79.) 4 900 USD (145.) | ||||||
Valuta | Cedi | ||||||
Tidssone | UTC | ||||||
Telefonkode | +233 | ||||||
Toppnivådomene | .gh
|
Ghana er ein stat i Vest-Afrika med grense til Elfenbeinskysten i vest, Burkina Faso i nord, Togo i aust, og med kyst til Guineabukta i sør.[1] Landet er kalla opp etter det mektige Ghanariket. Dette tidlegare riket låg nord og vest for dagens Ghana, men mange etterkomarar av medlemmene i riket bur nå i republikken Ghana.
Ghana er eit fleiretnisk land med ulike lingvistiske og religiøse grupper.[2] Akanfolk er den største folkegruppa, og utgjer majoriteten av folkesetnaden. Dei fleste ghanesarar er kristne (71,3 %); nær ein femdel er muslimar, ein tidel utøver tradisjonelle religionar eller følgjer ingen religion.[3]