Granitt | |||
Granitt i ein vegg på Jersey. | |||
Kjenneteikn | |||
---|---|---|---|
Gruppe | Magmatisk | ||
Hovudmineral | kvarts, alkalifeltspat, plagioklas | ||
Identifikasjon | |||
Bruksområde | byggstein, brustein, m.m. | ||
Tettleik | 1,74 - 2,80 gj. 2,64 |
Granitt er ein vanleg og mykje nytta bergart. Han er ein magmatisk bergart og har ein middels til grovkorna struktur. Namnet på bergarten kjem frå latin granum, som tyder korn, og viser til den grovkorna strukturen i steinen. Granittar kan vere alt frå raudleg til gråaktig, avhengig av den kjemiske og mineralogiske samansettinga. Granitt er definert til å ha ein fargeindeks på mindre enn 25 % (altså kor mange prosent av steinen som består av mørke stoff). Frambrot av granitt dannar av ofte knausar og avrunda massiv.
Granitt er nesten alltid massiv (manglar indre strukturar) og hard og den særskilde eigenskapen til steinen er at han lèt seg dela i tre retningar – horisontalt og to gonger vertikalt og desse kløyvningsretningene står vinkelrett på kvarandre. Dette særdraget gjer granitten veleigna til produksjon av bruksstein; brustein, murblokker og finstein. Den gjennomsnittlege tettleiken til granitt er kring 2,65[1] g/cm3, trykkstyrken ligg over 200 MPa og viskositeten ved standard temperatur og trykk er ~4,5 • 1019 Pa•s.[2]
Granitoidar vert nytta som eit skildrande uttrykk for generelt, lyse, grovkorna magmatiske bergartar som krev petrografiske undersøkingar for fastsetje kvar bergart det er snakk om.[3]