Grateful Dead |
Grateful Dead-medlemmer back scenen tidleg i 1980-åra (venstre til høgre): Brent Mydland, Bob Weir, Jerry Garcia, Bill Kreutzmann. Phil Lesh og Mickey Hart er ikkje med på biletet |
|
Opphav | San Francisco i California i USA |
---|
Aktiv | 1965–1995 |
---|
Sjanger | Rock |
---|
Tilknytte artistar | The Other Ones, The Dead, Jerry Garcia Band, RatDog, Phil Lesh and Friends, Rhythm Devils, BK3, Donna Jean Godchaux Band, Heart of Gold Band, Missing Man Formation, New Riders of the Purple Sage, Old and in the Way, Legion of Mary, Reconstruction, Jerry Garcia Acoustic Band, Kingfish, Bobby and the Midnites, The Tubes, Bruce Hornby, Bob Dylan, Furthur, 7 Walkers |
---|
Plateselskap | Warner Bros., Grateful Dead, Arista, Rhino |
---|
Medlemmer | Jerry Garcia Bob Weir Phil Lesh Bill Kreutzmann Ron «Pigpen» McKernan Mickey Hart Tom Constanten Keith Godchaux Donna Jean Godchaux Brent Mydland Vince Welnick Robert Hunter |
---|
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award, Internet Archive Hero award, Grammy Hall of Fame Award, Rock and Roll Hall of Fame, Kennedy Center Honors |
Grateful Dead var eit amerikansk rockeband skipa i San Francisco Bay Area i 1965.[1] Bandet var kjend for den unike og breitt samansette stilen sin, som blanda element frå rock, folk, bluegrass, blues, reggae, country, jazz, psykedelia og space rock[2][3]—og for konsertane sine med lange improvisasjonar.[1][4] «Musikken deira», skriv Lenny Kaye, «rører område som dei fleste andre grupper ikkje ein gong veit eksisterer.»[5]
Tilhengjarar av Grateful Dead, nokre av dei har følgd bandet frå konsert til konsert i årevis, vert kalla «Deadheads», og er kjend for den store entusiasmen sin for bandet.[1][4] Mange kallar berre bandet for «the Dead».
Musikken til Grateful Dead er påverka frå mange hald. På konsertinnspelingar eller på platene deira kan ein høyre psykedelisk rock, blues, rock and roll, country, bluegrass, countryrock og improvisert jazz. Desse forskjellige inspirasjonskjeldene vart utskild til ein mangfaldig og psykedelisk heilskap som gjorde «Grateful til pionerane i jamband-verda»[6] Dei vart rangert på 55. plass på lista til Rolling Stone over dei største artistane gjennom tidene.[7]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Santoro, Gene (2007). «Grateful Dead». Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica, Inc. Henta 6. februar 2011.
- ↑ "purveyors of freely improvised space music," -- Blender Magazine, May 2003
- ↑ ""Dark Star," both in its title and in its structure (designed to incorporate improvisational exploration), is the perfect example of the kind of "space music" that the Dead are famous for. Oswald's titular pun "Grayfolded" adds the concept of folding to the idea of space, and rightly so when considering the way he uses sampling to fold the Dead's musical evolution in on itself." -- Islands of Order, Part 2,by Randolph Jordan, in Offscreen Journal, edited by Donato Totaro, Ph.D, film studies lecturer at Concordia University since 1990.
- ↑ 4,0 4,1 «Rock and Roll Hall of Fame and Museum – Grateful Dead detail». Inductees. The Rock and Roll Hall of Fame and Museum, Inc. Arkivert frå originalen (asp) 23. november 2006. Henta 6. februar 2011.
- ↑ Kaye, Lenny (1970). «The Grateful Dead – Live/Dead». Music reviews. Rolling Stone. Arkivert frå originalen 1. februar 2013. Henta 6. april 2011.
- ↑ Garofalo, s. 219
- ↑ «The Greatest Artists of all Time». Rolling Stone Magazine. Arkivert frå originalen 10. april 2010. Henta 6. februar 2011.