Grenada
(norsk: Grenada, grenadisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Hail Grenada» | ||||||
Motto | Engelsk: The Land, The People, The Light (Landet, folket, lyset) | ||||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||||
Hovudstad | St. George's | ||||||
Styresett |
Monarki Charles III Cécile La Grenade Dickon Mitchell | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
344 km² (187.) 1,6 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
111 724 (181.) 324,8 /km² (28.) | ||||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Storbritannia 7. februar 1974 | ||||||
Nasjonaldag | 7. februar | ||||||
BNP – Totalt () – Per innbyggjar |
mill. USD (.) 13 400 USD (93.) | ||||||
Valuta | Aust-karibisk dollar | ||||||
Tidssone | UTC -4 | ||||||
Telefonkode | +1-473 | ||||||
Toppnivådomene | .gd
|
Grenada er ein øystat i det austlege Karibia. Han består av hovudøya Granada og ei rekkje mindre øyar i Grenadinane. Landet har til saman eit areal på 344 km². Hovudstaden er St. George's. Grenada ligg nordvest for Trinidad og Tobago, nordaust for Venezuela og sørvest for Saint Vincent og Grenadinane.
Grenada blei uavhengig frå Storbritannia i 1974. I 1983 blei landet invadert av USA. I september 2004 blei Grenada ramma av den kraftige orkanen Ivan, som drap 39 personar og gjorde fleire tusen heimlause. I løpet av juli 2005 kom orkanen Emily og gjorde endå meir skade.
Grenada har av og til blitt kalla «Krydderøya» på grunn av den store mengda krydder som blir dyrka her. Dette kjem òg fram i flagget der symbolet på venstre side skal førestilla ein muskatplante. Muskat er eit av dei viktigaste jordbruksprodukta på øya. Grenada står for den nest største produksjonen og eksporten av muskat i verda, med 20 % av marknadsdelen i verda (Indonesia er størst med 75 %).