Habsburgermonarchie Habsburgmonarkiet | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Nasjonalsong Ingen Keisarsong Gott erhalte Franz den Kaiser | |||||
Habsburgmonarkiet på høgda under Karl V i 1547. | |||||
Hovudstad | Wien Praha (1583–1611) | ||||
Språk | tysk, ungarsk, rumensk, kroatisk, tsjekkisk, slovakisk, slovensk, spansk, italiensk, polsk, rutensk | ||||
Religion | Offisiell religion: romersk-katolsk Respekterte religionar: Kalvinisme, lutheranisme, ortodoks kristendom | ||||
Styreform | Monarki | ||||
Keisar, konge, & erkehertug | |||||
- 1526–1564 | Ferdinand I (første) | ||||
- 1792–1804 | Frans II (siste) | ||||
Historisk periode | Mellomalderen | ||||
- Oppretta | 1526 | ||||
- Erklæringa av Riket | 1804 | ||||
I dag ein del av | Austerrike Belgia Bosnia og Herzegovina Kroatia Tsjekkia Frankrike Tyskland Ungarn Italia Luxembourg Nederland Polen Romania Serbia Slovakia Slovenia Spania Sveits Ukraina |
Habsburgmonarkiet var eit uoffisielt namn på områda som vart styrt av den austerrikske greina av Huset Habsburg (1278-1780) og det etterfølgjande huset Habsburg-Lothringen (frå 1780) mellom 1526 og 1867/1918. Hovudstaden var stort sett Wien, bortsett frå 1583 til 1611,[1] då hovudstaden var i Praha.
Monarkiet frå 1804 til 1867 vert vanlegvis kalla Keisardømet Austerrike, og frå 1867 til 1918 Austerrike-Ungarn. I visse samanhengar viser «Habsburgriket» stundom til heile Habsburgfamilien sine område som ein gong vart styrt av Karl V av Det tysk-romerske riket, eller til Det spanske riket styrt av den spanske greina av familien.
Habsburg-familien ætta frå Habsburgborga i dagens Sveits og kom etter 1278 til makta i Austerrike. Habsburgfamilien vart etter kvart ei mektig ætt i Europa gjennom giftarmål og den første kongressen i Wien med keisar Maximilian I. Ludvig II, konge av Böhmen, Ungarn og Kroatia, var adoptert av Maximilian, og då han døydde i 1526 vart erkehertug Ferdinand av Austerrike den neste kongen i desse områda.[1] Ferdinand var den yngre broren til keisar Karl V. Frå denne tida voks monarkiet og på det største dekte det halve Europa.