Halvleiarar er materiale som berre i noko grad leier elektrisk straum. Dei kan difor sjåast på som ein mellomting mellom leiarar og isolatorar. Halvleiarmateriale vert nytta for å laga diodar og aktive komponentar som transistorar og tyristorar, solseller osb. Det finst mange materiale som vert klassifiserte som halvleiarar, men berre nokre få av desse vert nytta for å laga elektonikkomponentar. Tidlegare vart germanium nytta, men i dag er dei aller fleste halvleiarkomponentar laga av silisium. Nokre få høgfrekvenskomponentar vert laga av gallium-arsenikk (GaAs).