Heerenveen | |||
kommune | |||
Rådhuset i Heerenveen
| |||
|
|||
Land | Nederland | ||
---|---|---|---|
Areal | 140,16 km² | ||
Folketal | 50 650 (1. januar 2021)[1] | ||
Heerenveen 52°57′57″N 6°03′01″E / 52.9658°N 6.0503°E | |||
Wikimedia Commons: Heerenveen (municipality) |
Heerenveen (vestfrisisk It Hearrenfean) er ein kommune i provinsen Friesland i Nederland med kring 50 000 ibuarar (2021), og med eit flatemål på 187,8 km². Knapt 30 000 menneske bur i sjølve byen Heerenveen, resten held hus i 15 landsbyar.
Byen Heerenveen vart grunnlagd i 1551. Han har særleg vokse mykje etter andre verdskrigen, og er i dag ein av dei største i Friesland. Byen er særleg kjend for skeisehallen Thialf, der det sidan 1970 er vorte arrangert over 40 ulike internasjonale meisterskap i lengdeløp på skeiser. Også den lokale fotballklubben SC Heerenveen har markert seg med sine nasjonale prestasjonar. Sykkelfabrikanten Batavus, med om lag 700 tilsette, har ei over hundreårig historie og eksporterer over halvparten av den årlege produksjonen.