República de Honduras
(norsk: Honduras, honduransk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Tu bandera es un lampo de cielo» | ||||||
Offisielle språk | Spansk | ||||||
Hovudstad | Tegucigalpa | ||||||
Styresett |
Republikk Xiomara Castro | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
112 090 km² (102.) Ubetydeleg | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
9 038 741 (93.) 80,6 /km² (104.) | ||||||
Sjølvstende - Erklært - Anerkjent |
Frå Spania 1821 1923 | ||||||
Nasjonaldag | 15. september | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
41 000 mill. USD (108.) 5 200 USD (139.) | ||||||
Valuta | Lempira | ||||||
Tidssone | UTC -6 | ||||||
Telefonkode | +504 | ||||||
Toppnivådomene | .hn
|
Republikken Honduras er eit land i Mellom-Amerika som grensar til Guatemala og El Salvador i nord og Nicaragua i sør. I vest ligg Stillehavet og i aust Hondurasbukta og Det karibiske havet. Belize (tidlegare «Britisk Honduras») ligg omkring 75 km frå Honduras, på tvers av den honduranske bukta, der dei to landa ligg tettast på kvarandre.
Honduras er fjellrikt, og mykje av landet er vanskeleg tilgjengeleg. Størstedelen av folkesetnaden består av spansktalande mestisar. Landet har lenge vore eit av dei fattigaste landet i Latin-Amerika, og har vore politisk ustabilt.[1] I lange periodar har Honduras vore styrt av militærjuntaer. Landet er opphavet til nemninga «bananrepublikk», sidan nordamerikanske bananselskap har dominert både økonomien og politikken i landet sidan slutten av 1800-talet.