Huddersfield | ||
---|---|---|
Huddersfield Town frå Castle Hill | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | West Yorkshire | |
Distrikt | Kirklees | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2007) |
150 127 | |
Koordinatar | 52°39′N 1°47′W / 52.650°N 1.783°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | HD1-5, HD7-8 | |
Telefon-retningsnummer | 01484 | |
Huddersfield er ein by i West Yorkshire i England, 306 km nord for London og 22,5 km vest for Wakefield, som er den næraste byen. Han er administrasjonssenter for Kirklees, som de facto er ei sameint styresmakt med kring 145 000 innbyggjarar. Huddersfield har tradisjonelt vore kjent som ein kjøpstad, men etter at den lokale tekniske høgskulen vart oppgradert til University of Huddersfield har mange byrja å omtale han som ein universitetsby i staden. Tradisjonelt har byen vore senter for ull-, bomulls- og silkeindustrien med produksjon av tekstilmaskinar og fargestoff. Tekstilindustrien går tilbake til byrjinga av 1700-talet.
Dei lokale styresmaktene har ynskt å få statusen til byen oppgradert til city, men innbyggjarane avviste dette i ei uoffisiell folkerøysting som vart organisert av lokalmedia.
Byen ligg ved staden der elvene Colne og Holme møtest. Det går to kanalar dit, Huddersfield Broad-kanalen og Huddersfield Narrow-kanalen.
Fotballklubben Huddersfield Town AFC spelar i Football League One.