Humler

Denne artikkelen handlar om bieslaget. For planten, sjå Humle.
Humler
Humle med pollenkorg med pollen på bakfoten. Biletet viser ei åkerhumle (Bombus pascuorum).
Humle med pollenkorg med pollen på bakfoten. Biletet viser ei åkerhumle (Bombus pascuorum).
Utbreiing
Utbreiinga av humler
Utbreiinga av humler
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Årevenger Hymenoptera
Familie: Langtungebier Apidae
Stamme: Bombini
Slekt: Humler Bombus
Latreille, 1802
Stor jordhumle (B. terrestris) med klare venger på purpursolhat. Vi ser store delar pollen på humla sin pels.

Humler er ei insektgruppe innan ordenen årevenger. Gruppa høyrer til biene, og er plassert i familien Apidae, humler og bier, saman med mellom anna honningbier. Humler har tjukk og brei, vanlegvis tett hårdekt kropp, vengene verkar små i forhold til kroppen. Berre arbeidarane hjå humler som lever sosialt, i samfunn, har stikkebrodd. Fleire av artene er såkalla «gaukehumler» og lever som snyltarar i bolet til dei sosiale humlene.

Humler vert rekna som viktige for pollinering av mange planteslag, og i seinare år det vorte vanleg med «ferdiglaga» humlebol i veksthus. Humlebestanden lèt seg lett påverke av landbruk, skogbruk, hagebruk og andre slike aktivitetar. Humlene si viktigaste næring er nektar og dei samlar pollen som mat til avkommet.

Det er over 250 ulike humler i verda, dei fleste på den nordlege halvkula, men dei er også vanlege på New Zealand og Tasmania. Ein reknar med at det er 34 arter i Noreg.[1]

  1. Ødegaard, F. et al 2009. side 103

Developed by StudentB