Hunky Dory

Hunky Dory
Studioalbum av David Bowie
Språk engelsk
Utgjeve 17. desember 1971
Innspelt Juni-august 1971 i Trident Studios i London
Sjanger Glamrock, folkrock, kunstrock
Lengd 41:49
Selskap RCA
Produsent Ken Scott, David Bowie
David Bowie-kronologi 
The Man Who Sold the World
(1970)
Hunky Dory The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
(1972)
Singlar frå Hunky Dory
  1. «Changes» / «Andy Warhol»
    Utgjeve: 7. januar 1972
  2. «Life on Mars?»
    Utgjeve: 22. juni 1973

Hunky Dory er det fjerde studioalbumet til den engelske artisten David Bowie, spelt inn i midten av 1971 gjeven ut på RCA Records i desember det året.[1]

Det var det første albumet til Bowie på RCA, som vart plateselskapet hans dei neste ti åra. Albumet vart skildra av Stephen Thomas Erlewine i Allmusic som «ei blanding av mange popstilartar, berre knytt i saman av visjonen til Bowie: ei feiande, filmaktig blanding av høg og låg kunst, tvitydig seksualitet, kitsch og klasse.»[2]

Albumet har vore kritikarrost sidan det kom ut og vert rekna som eit av dei beste verka til Bowie. Time valde å ta med albumet på lista over dei 100 beste albuma gjennom tidene i januar 2010 og skreiv at det var Bowie sin «jordnære ambisjon om å vere ein boho-poet med øydsla stil».[3] Stilen på plateomslaget, designa av George Underwood, var inspirert av ei fotobok av Marlene Dietrich som Bowie tok med seg til fotograferinga.[4][5]

  1. Kevin Cann (2010). Any Day Now – David Bowie: The London Years: 1947–1974: pp. 219–25, 231
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet allmusicreview2
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet time
  4. Dimery, Robert (2005). 1001 albums you must hear before you die. London: Quintet Publishing. s. 254. ISBN 9781844033928. 
  5. «500 Greatest Albums: Hunky Dory – David Bowie». Arkivert frå originalen 20. august 2011. Henta 1. mai 2011. 

Developed by StudentB